Sjokobotn frå Hardanger
SJOKOBOTN kakebotn er eit kvalitetsprodukt frå Hardanger Bakeri – laga av ekte råvarer utan konserveringsmiddel.
I gamle dagar hadde kvar bygd sin eigen bakar. Slik var det òg her i Hardanger. Heilt til 1972, då dei framifrå bakarane Arne, Torstein, Anton, Steinar, Magne, Harald og Trygve fann ut at dei skulle samla seg og skipa Hardanger Bakeri.
Forslag til oppskrift, men bruk gjerne din eigen fantasi!
- Del kakebotnen i to.
- Smør på eit tynt lag med bringebær- eller jordbærsyltetøy og dekk med eit lag med sjokoladekrem.
Oppskrift på sjokoladekrem: 200 g mørk sjokolade, 200 g smør, 3 ss mjølk, 400 g melis.
Smelt sjokoladen og avkjøl den litt.
Rør smør, mjølk og melis til alt blir lyst og luftig. Visp inn sjokoladen til slutt.
- Legg på lokket og dekk heile kaka med eit lag med krem.
Pynt etter eige ønske med sjokoladekuler, sjokoladedryss eller bær.
Stikkord for produkt med Ekte & Ærleg-varemerket:
- Minst mogeleg tilsettingsstoff
- Tydeleg og einsarta merking av innhald og produsent
- Framheva produktet sin eigenverdi og sjel
- Løfta fram og ivareta nasjonale matskattar