Eggedosis kakebotn frå Hardanger
EGGEDOSIS KAKEBOTN er eit kvalitetsprodukt frå Hardanger Bakeri – laga av ekte råvarer utan konserveringsmiddel.
I gamle dagar hadde kvar bygd sin eigen bakar. Slik var det òg her i Hardanger. Heilt til 1972, då dei framifrå bakarane Arne, Torstein, Anton, Steinar, Magne, Harald og Trygve fann ut at dei skulle samla seg og skipa Hardanger Bakeri.
Forslag til oppskrift, men bruk gjerne din eigen fantasi!
Du treng: syltetøy, 1/4 l kremfløyte.
Eventuelt eit lite beger vaniljesaus, friske bær (jordbær eller bringebær).
- Del kakebotnen i to.
- Smør på eit tynt lag med bringebær- eller jordbærsyltetøy, gjerne nyrørt av friske bær. Kan òg supplerast med friske bær. Dekk så med eit lag krem. Vaniljekrem av (like deler) vaniljesaus og kremfløyte kan òg brukast.
- Legg på lokket og dekk heile kaka med eit lag med krem.
- Pynt etter eige ønske med friske bær.
Stikkord for produkt med Ekte & Ærleg-varemerket:
- Minst mogeleg tilsettingsstoff
- Tydeleg og einsarta merking av innhald og produsent
- Framheva produktet sin eigenverdi og sjel
- Løfta fram og ivareta nasjonale matskattar