Aud Berit sine tradisjonsrike potetkaker frå Åkrafjordtunet
Potetkakene er kvalitetsprodukt baka i Åkrafjorden, laga av ekte råvarer og utan konserveringsmiddel. Oppskrifta er inspirert av Aud Berit si bestemor.
Potetkaker smakar fortreffeleg med godt smør og sukker. Ute på tur er pølse på termos og potetkaker ein sikker vinnar. Potetkaker er mykje brukt til små tapas-rettar, t.d. potetekake smurt med kremost, ruccula og vårløk. Her kan ein òg variera med spekeskinke eller laks.
På våre trakter er gode heimelaga potetkaker mykje brukt til den tradisjonsrike lutafisken.
Håpar det smakar!
Stikkord for produkt med Ekte & Ærleg-varemerket:
- Minst mogeleg tilsettingsstoff
- Tydeleg og einsarta merking av innhald og produsent
- Framheva produktet sin eigenverdi og sjel
- Løfta fram og ivareta nasjonale matskattar