I Hardanger har blodpølse lange tradisjonar og er ein tradisjonell rett. Blodpølse frå Hardanger kom til finalen i Det Norske Måltid i kategorien Årets Godbit i januar 2018.
Det Norske Måltid kårar dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg. Konkurransen har som mål å bidra til næringsutvikling gjennom å auka etterspurnaden, skapa stoltheit og styrkje omdømet til norsk matproduksjon.
Bakgrunn/historie: På bildet held mor Sigrid minsteguten Kjell Kjeka i handa. Han vaks opp med tradisjonsmat, m.a. blodpølse. Mor hans hadde sjølv arva oppskrift og erfaring frå familien på Lussand i Hardanger. Ei ulukke gjorde Kjell til rullestolbrukar i ung alder, men trass i dette starta han produksjon av blodpølsa i større skala frå tilpassa kjellarlokale i bustaden sin på Halsnøy. I 11 år stod han sjølv for produksjon og levering til kundar i Sundhordlands-regionen, og til engrosfirma på Voss, til han av helsemessige årsaker måtte avslutta eigen produksjon. Det er det same engros-firmaet på Voss som no vidarefører oppskrifta gjennom Varemerket Ekte&Ærleg - Norske matskattar.
Blodpølsa har eit rikt næringsinnhald og er veleigna til kreativ kokkekunst. Saman med god smak og konsistens har dette ført produktet til finalen i Det Norske Måltid. Pølsa er veleigna både som forrett, lunsjrett og middagsrett, som tradisjonell rett eller med kompletterande råvarer og smakar - f. eks. surra i smør på steikepanna saman med eplebåtar av Hardangereple. Blodpølse frå Hardanger blir produsert av Johs. Lundal & sønner AS i Åkrafjorden og er i dag tilgjengeleg i daglegvarebutikkar og storkjøkken, i samarbeid med Generasjonsmat Evanger AS som er lokal distributør til daglegvare.
I 2017 kom Blodpølse frå Hardanger til finalen i Det Norske Måltid i kategorien Årets godbit!
I Hardanger har blodpølse lange tradisjonar, og pølsa kan brukast på mange måtar, både slik det har vore gjort i generasjonar – og på nye, kreative måtar. Pølsa er veleigna til kreativ kokkekunst og har mange gode eigenskapar. Her er nokre døme:
-
Sneier på ca 1,5 cm. Godt smør på steikepanna på mellomsterk varme, til gjennomvarm, gjerne saman med eple-båtar av Hardanger-eple, f. eks Aroma.
-
Forrett: Trekantbitar av blodpølse dekorert med krema søtpotetmos og steikte eplebåtar.
-
Lunsj-rett: Heile skiver av blodpølse saman med søtpotetmos, eplebitar, eventuelt salat.
-
Middagsrett: Heile skiver av blodpølse med dryss av terna bacon, søtpotetmos eller kålrabistappe, eplebitar.
Blodpølsa har eit ressursvenleg og rikt næringsinnhald.
Stikkord for produkt med Ekte & Ærleg-varemerket:
- Minst mogeleg tilsettingsstoff
- Tydeleg og einsarta merking av innhald og produsent
- Framheva produktet sin eigenverdi og sjel
- Løfta fram og ivareta nasjonale matskattar