Nyskapande opprydding i norsk mat-tillit
Ekte & ærleg - Norske matskattar, har som målsetting å gjenreisa tillit til norske mattradisjonar og produkt. Dette vil skje via samarbeid med produsentar som fyller krava til å gå inn under ekte & ærleg-begrepet.
Krava vil vera:
- Historie
- Grunnhaldning
- Råvaredokumentasjon
- Vilje til nøytral produkttesting
Produktspekteret vert bygd opp via oppsøkjande kontakt og undersøkingar i regi av ekte & ærleg der føresetnader vert vurdert og interesse stadfesta.
Ekte & ærleg - Norske matskattar, er eit nytt sortiment med matvarer av utsøkt kvalitet, testa av eit panel med høg fagleg kompetanse. Er du på leit etter gode matopplevingar, så er Ekte & ærleg - Norske matskattar ein garanti for at råvarer, smak, tradisjonar og produkthistorie er vel ivaretatt. Alt er dokumentert av fagfolk innan kokkefag og foredling.
Vår Blodpølse frå Hardanger var i finalen i Det Norske Måltid, i klassen Årets Godbit i januar 2018. Les meir om Blodpølse frå Hardanger her.
Matopplevingar
Vår visjon er å tilby kortreist, norsk kvalitetsmat under eitt gjenkjenneleg merke. Forbrukaren skal vite at dette er produkt med topp kvalitet og smak, laga av fagfolk og produsentar med kjærleik til faget og råvarene.
Foredla kjøtprodukt, bakevarer, pålegg, tradisjonsrettar og stadeigne spesialitetar som det elles kan vera vanskeleg å få kjøpt i dei store matvarekjedene.
Me set vår ære i å tilby alt frå småskalaprodusentar til større tradisjonsbedrifter ein felles paraply for dei gode og kanskje for mange ukjende smaksopplevingane.
Kvalitet kostar gjerne litt meir, men her får forbrukaren trygge og veldokumenterte ingrediensar, med oppskrifter og produksjonmetodar som tek vare på tradisjonane, smakane og næringsinnhaldet. Det er rett og slett:
ekte & ærleg - Norske matskattar.
Heilnorsk på eit bord nær deg