GOD MAT STARTAR MED TILLIT
Ekte & ærleg - Norske matskattar... namnet forpliktar. Ein kan spørja seg, er det nødvendig med ein slik innfallsvinkel
når det alt finst merkeordningar og store aktørar i matbransjen som hevdar omtrent det same? Me meiner det.
Å gjenreisa tilliten til norske mattradisjonar og produkt er vårt einaste fokus.
Matvareindustrien må ta andre omsyn, medan Ekte & ærleg legg vekt på produsenten si historie
og haldning til det å laga matvarer. Innanfor dette ligg det òg ei etisk, praktisk og smaksmessig
vurdering av råvarer og det ferdige produktet.
Våre småskalaprodusentar leverer dei gode smaksopplevingane som berre omtanke og ekte råvarer kan gje. Prøv sjølv!